Kan du bruka tannkrem under fasta?

Kvar gong det dukkar opp ny teknologi blir folk nysgjerrige på korleis det kjem til å påverka oss.

Det er mange ting me kanskje ikkje ser på som teknologi, for eksempel var tannkrem ein gong like høgteknologisk som den nyaste telefonen. Ny teknologi kan gje oss masse godt og vera eit verktøy for å treffa nye folk eller å læra nye ting.

Men er det eigentleg greitt å bruka ny teknologi? Når det kjem nye duppedittar dukkar det alltid opp nye spørsmål.

Portreittbilete av forskar Cecilie Endresen.
FORSKAR: Cecilie Endresen forskar på religion. Foto: Olaf Christensen / UiO

Ta med deg boka overalt

At me alltid har med telefonen har gjort at mange òg kan ha med seg dei heilage bøkene sine over alt. Forskar Cecilie Endresen fortel at dette både kan gjera det lettare og vanskelegare for folk.

– Å ha tekstane på telefonen gjer dei meir tilgjengelege for alle, men det er samstundes mange reglar for korleis ein skal behandla desse bøkene, seier Endresen.

– I islam skal ein til dømes vaska hendene før ein tek på Koranen. Må ein då vaska hendene før ein tek på telefonen sin?

Sånne problemstillingar dukkar opp kvar gong det kjem ny teknologi.

Er det eigentleg greitt å pussa tennene?

Den gong tannkrem vart oppfunnen vart det òg ein stor diskusjon. Muslimar var bekymra for om det var greitt å pussa tennene under ramadan. Andre religionar lura på det same kring deira eigne fastar.

– Det store spørsmålet er alltid «Hadde profeten brukt dette?». Og så prøver dei å finna ting frå gamle dagar som ein kan samanlikna den nye tingen med, fortel Endresen.

No om dagane kan dei som vil kjøpa spesiell tannkrem som kan brukast under ramadan.

Les meir: Kva er eigentleg ramadan?

Les også: Derfor har vi fri på religiøse dagar