I den nye serien reiser NRK Super på besøk til ein familie som har meldt seg på eit program som skal komma på TV. Dei bruker ein dag saman, før TV-gjengen seier takk for seg og reiser.
Men, nokre veker seinare dukkar dei opp igjen for å lura den andre forelderen trill rundt. Dei samarbeider med barnet og den andre forelderen om lureriet.
– Me ville laga ein serie for alle som lurer på kva me eigentleg me kan stola på i samfunnet. Kven er det som utnyttar oss? Korleis blir me lurt?, fortel Ane.
Vanskeleg å skilja seg ut
I kvar episode utforskar dei ulike måtar menneske blir lurt på.
– I ein episode fortel me for eksempel om noko som blir kalla «tilskodareffekten». Kort fortalt: Viss du er i ei gruppe med mange menneske, og det skjer noko, men ingen av dei andre gjer noko med det som skjer, er det vanskeleg å vera den eine som gjer noko.
– Søppel på bakken er eit typisk eksempel. Ingen vil eigentleg at søppelet skal ligga der, men alle går forbi. Då er det litt vanskeleg å vera den eine som plukkar det opp. Men, viss alle plukkar søppel, blir det enkelt, fortel Ane.
Mobbing og utestenging
I den same episoden fyller NRK Super-redaksjonen eit rom med røyk. I rommet sit fem skodespelarar og ein tilfeldig person som trur alle dei andre er tilfeldige folk også. Etter kvart som rommet blir fylt med røyk, ser dei om den tilfeldige personen tør å seia noko når skodespelarane overser røyken.
– Ein slik situasjon kan samanliknast med mobbing og utestenging. Ein blir redd for å vera den eine som seier at dette ikkje er greitt, seier Ane.
Sjølv om serien tar opp alvorlege tema, handlar den aller mest om humor og gøy.
– Eg håpar dei som ser på blir klare for å avsløra triks og tull i samfunnet. Alle som prøver å lure oss! I serien viser me kor lett det er å bli lurt, fortel Ane.
Kor mange gongar har du sagt ordet lurt i løpet av innspelinga?
– Haha! Det har aldri nokon spurt meg om. Eg vil sei minst tusen! Lurt, lurt, lurt, ler Ane.