1 av 4 slutta å følge influensar fordi dei blei negativt påverka

Ein av fire unge har slutta å følgja ein influensar/påverkar fordi vedkommande har hatt negativ påverknad på dei.

Ein av tre unge har heller ikkje tillit til influensarane dei følgjer. Det kjem fram i ei undersøking som Mental helse har gjort, skriv NRK.

Mental Helse inngår no eit samarbeid med INSJ for å skapa gode førebilete i sosiale medium. INSJ er eit fellesskap med norske påverkarar og innhaldsskaparar som ønskjer å gi eit meir positivt innslag i feeden på sosiale medium.

– Dette er eit unikt samarbeid for Mental Helse der me får eit godt høve til å førebyggja gjennom sosiale medium. Det er viktig at ungdom har gode førebilete å sjå opp til, seier generalsekretær i Mental Helse, Linda Berg-Heggelund.