Åtte av ti jenter opplever kjøpepress frå påverkarar

Mange unge jenter kjenner på eit sterkt kjøpepress når dei ser alle tinga påverkarar legg ut på sosiale medium.

Åtte av ti jenter opplever kjøpepress og ein av tre blir nedstemde av reklame frå påverkarar på sosiale medium. Det viser ei undersøking gjort av Norstat for Danske Bank. Dei som svara var mellom 18 og 25 år.

– Ifølgje tal frå Mediebyråforeningen er påverkarane den gruppa som veks hurtigast i reklamemarknaden, med ein auke på rundt 130 prosent frå i fjor, seier Thea Olsen, forbrukarøkonom i Danske Bank til NRK.

Konsekvensane kan vera enorme

Bakgrunnen for undersøkinga var å sjå korleis unge menneske blir påverka av reklame frå påverkarar på sosiale medium.

– Samtidig, i den andre enden, sit det mange unge menneske som betaler ein stor del av prisen for suksessen deira. 80 prosent av unge jenter opplever kjøpepress. Til alle døgnets tider blir dei bombadert av reklame i sosiale medium. Konsekvensane kan vera enorme, både mentalt og økonomisk, seier ho.