Éin av fem gruer seg til å gå på skulen

Det viser ei undersøking frå Mental Helse.

Mental Helse har spurd barn og unge mellom 12 og 20 år kva dei bekymrar seg over.

I rapporten kjem det fram at éin av fem synst dei ikkje har fått seg vener på skulen, at like mange gruer seg til å gå på skulen og at éin av ti ikkje har nokon å vera med i friminutta.

Rapporten fortel òg at det er mange av dei som slit psykisk som ikkje søker hjelp.

Linda Berg-Haggelund frå Mental helse meiner sosiale media bidreg til at ungdom kjenner seg verre.

– Det ser ut som at alle har det gøy med vener heile tida, men slik er jo ikkje verkelegheita. Undommane seier det sjølv. Sosiale media skapar forventningar til korleis liva deira bør sjå ut, medan røynda er heilt annleis, seier Berg-Haggelund.

Les meir: Alt er ikkje ein dans på roser

Bør det bli ei strengare aldersgrense for sosiale medium?

Bør det bli ei strengare aldersgrense for sosiale medium?

Ja, 16 år20
Ja, 13 år43
Nei1007
Veit ikkje17
Svar totalt: 1087