Alt er ikkje ein dans på roser

Det er så utruleg viktig at me snakkar om psykisk helse. Psykisk helse må bli eit mindre tabu!

Treng du nokon å snakka med?

Snakk gjerne med ein vaksen du stolar om det du kjenner er vanskeleg – til dømes ein lærar, helsesjukepleiar, foreldra dine eller nokon andre. Du kan også ringa alarmtelefonen for barn og unge på telefon: 116 111.

LES FAKTALUKK FAKTA

Mange foreldre avviser eller unngår å snakka om følelsar rundt barna sine, og då lærer ikkje barn å styra følelsane sine. I staden for lærer dei at følelsar ikkje er til å stola på, og at dette er noko me ikkje snakkar om.

Forsking viser at å snakka om dei vonde følelsane vil gjera at du føler deg rolegare og dei vonde følelsane blir lettare å bæra på. Når du snakkar med nokon kan du og få støtte og råd om kva du kan gjera for å føla deg betre. Men me menneske er forskjellige, og nokre gonger har me meir behov for ein klem enn ein samtale. Å det kan vera ein fin ting. Men det er så viktig at me respekterer alle og lyttar når du ser nokon har det vanskeleg.

Dei to siste åra har vore tøffe. Ikkje berre fordi me har levd oppi ein pandemi, men og fordi å leva som ungdom i dagens samfunn ikkje er berre, berre.

Folk som sleng med kjeften. Skjellsord i hytt og pine, forventningar frå foreldre og lærarar. Følelsen av å ikkje føla seg bra nok og å samanlikna seg sjølv med urealistiske kroppar som poppar opp på sosiale media. Og når det er ingen som snakkar om psykisk helse, er det ikkje rart at du føler at du er den einaste som slit.

No er eg lei av at dette ikkje blir tatt seriøst. For ein dag kan det vera veninna di, kompisen din, eleven din eller du sjølv som går på ein smell psykisk. Då trur eg du hadde sett pris på respekt og openheit rundt tankar, bekymringar, angst, depresjon og alt som kjem med den psykiske helsa vår. Mange opplever at det nesten er for seint før dei får den hjelpa dei treng.

Me må gjer psykiske lidingar mindre tabubelagt og gjer det meir normalisert enn det er per i dag. Dette må bli ein del av kvardagen, ein likar naturleg ting som fysisk sjukdom. No er det på tide at me opnar augo. Og viss du er den personen nokon opnar opp følelsane for, så ber eg deg, ver så snill og lytt. Du treng ikkje eingong å forstå, berre respekter!

Les fleire artiklar om psykisk helse her!