FAKTA: Kva er dyretesting?
- Når eit selskap lagar eit nytt produkt som ikkje er brukt av menneske før, så vil dei gjerne vita at det er ufarleg å bruka. For å finna ut av dette kan dei testa produktet på dyr først.
- Vanlege forsøksdyr er mus, rotter, marsvin, kaninar og hundar.
- Dyra kan få produktet dropla i auga, smurt på huda eller tvinga ned i magen med eit røyr. Nokre testprodukt kan påføra forferdelege skadar og smerter.
Kjelde: Anton Krag/Dyrevernalliansen
Anton Krag veit mykje om kva smerte forsøksdyr må gå gjennom for at menneske skal få kosmetikk i butikkhyllene.
– Eg synest dyretesting er forferdeleg. Det er urettferdig å påføra dyr stress og smerta berre fordi selskap vil selja nye varer for å tena meir pengar, seier han.

I 2003 vart det forbode å testa kosmetikk og kroppspleieprodukt på dyr i Noreg. Det er likevel veldig mange andre land i verda der det er tillate.
– Etter 2013 vart det totalforbod mot å selja produkt dersom dei inneheld ingrediensar som er testa på dyr. Problemet er at det er vanskeleg å kontrollera at reglane blir følgde, fortel Krag som håpar andre alternativ tek over for dyretesting.
Betre alternativ
– Eit døme er å dyrka celler frå menneske i ei skål og testa på desse. Fordelen er at ingen må lida og testane er billigare og raskare. Det er også meir relevant å vita korleis menneskevev reagerer enn korleis eit dyr reagerer, seier han.

Han meiner det er håp om at all testing på dyr forsvinn.
– Absolutt! Mange gode krefter jobbar for å få slutt på dyretesting. Jo fleire kundar som sluttar å kjøpa produkt frå selskap som testar på dyr, jo fortare vil testing på dyr vil forsvinna.
TIPS: Korleis sjekka om produkt er testa på dyr?
- Sjå etter produkt som er merka med «Cruelty Free».
- Dyrevernalliansen har laga appen «Dyrevennlig» der du kan sjekka om eit produkt er testa på dyr.