Vil læra om produkt som er testa på dyr 

Lauma (12), Sofia (12) og Mari (12) har tru på at dyretesting kan bli historie dersom alle sjekkar produkta dei kjøper i butikken.

Lauma Briede og dei andre jentene vil vera med på å prøva å få ein slutt på dyretesting.

– Eg synest synd på dyra. Eg har sett bilete av dyr som opplever det, fortel Lauma.

Sofia Auestad Engevik synest Noreg bør slutta å importera produkt som er testa på dyr.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det når eg har handla, men eg kjem til å gjera det no. Kanskje me kan læra meir om dette på skulen? spør ho.

Meir informasjon

Mari Tveita Rikstad etterlyser meir informasjon om korleis me kan sjekka kva produkt som ikkje er testa på dyr.

– No tenker eg å lesa på produkta om det står «cruelty free». Det er viktig at alle lærer meir om dette. Då kan me kjøpa produkt som ikkje er testa på dyr, slik at bedriftene som framleis driv med det går konkurs. Viss flest mogleg tenkjer slik, kan me endra det, seier ho.

Les meir: – Dyretesting er forferdeleg