Barnebøkene til Roald Dahl blir skrivne om

Endringane blir gjort for at bøkene skal vere mindre støytande.

Dei over 20 barnebøkene til den norsk-britiske forfattaren blir endra i samråd med «sensitivitets-lesarar» som har gått gjennom språket, skriv The Guardian.

Det er forlaget Puffin som eig rettane til Dahl sine barnebøker. Dei har fått selskapet Inclusive Minds til å gå gjennom bøkene. Endringane skal ifølgje selskapet gjere at barn i dag og framover framleis kan nyte bøkene.

Dette er nokre av endringane:

1Fjernar feit og stygg

Ingen av barnebøkene skal ha orda feit og stygg i seg. Det vil seie at Augustus Gloop, han som dett ned i sjokoladeelva, i staden blir skildra som «enorm». Herr og fru Dust frå Dustene er ikkje lenger stygge og fæle, men berre fæle.

2«Woman» ikkje «female»

«Female», det engelske ordet for hokjønn eller kvinneleg blir erstatta med ordet «woman», altså kvinne. Rektoren i Matilda, miss Trunchbull, er dermed ikkje lenger ei «most formidable female», men «most formidable woman».

3Det er greitt å gå med parykk

I Heksene er dei skumle heksene skapningar som er skalla og går med parykkar for å skjule kva dei er. Boka får no ei ekstra setning om at det er fleire grunnar til at kvinner bruker parykk, og at det er ingenting gale med det.

4Også kvinner kan jobbe i ein sjokoladefabrikk

Bøkene får også eit meir kjønnsnøytralt språk. Umpa-Lumpaane i «Charlie og sjokoladefabrikken» er no til dømes små folk, ikkje små menn.

I Noreg er det Gyldendal som eig rettane til desse bøkene. Forlaget seier til NTB at dei kjem til å følgje opp moderniseringa som blir gjort av dei som eig rettane på originalspråket. Nye opplag av Dahl sine barnebøker på norsk, vil difor også truleg ha desse endringane.

5Er det greitt å ta ut ord frå bøkene til Roald Dahl?

6Er det greitt å ta ut ord frå bøkene til Roald Dahl?

Ja2
Nei28
Veit ikkje4
Svar totalt: 34