I 2024 vinn nokon eit OL-gull i breikdans

Visste du at breikdans blir å sjå som ei eiga grein i Dei olympiske leikane neste år? Ingrid (9), Olve (8) og Mina (8) dansar breikdans hos Spinae Company på Stord. Framtida Junior fekk vera med dei på trening.

Fakta om breikdans
  • Breikdans, etter engelsk «breikdans», er ein dansestil innan hiphopkulturen som oppstod i New York på slutten av 1960-talet. 
  • Dansen er kjend for særmerke som snurring på hovudet og at dansaren frys i ei stilling. 
  • Ein kan breikdansa til ulike slag musikk, men hiphop og remiksar med «breaks» (pausar) som passar dansestilen er vanleg.
  • På 1980-talet spreidde dansen seg frå USA til resten av verda gjennom MTV, der musikkvideoar viste fram dansen.
  • Ein breikdansar blir ofte kalla b-boy eller b-girl, alt etter kjønnet, og stilen kan også kallast b-boying.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA
Foto: Janne Nerheim

Ingrid Aksnes Vikanes

– Eg har dansa lenge, men i fjor fekk lyst å prøve breikdans fordi storebror min dansa. Eg synest det er kjekt at breikdans er blitt OL-grein, men eg må venta ganske lenge før eg kan bli med. Eg likar å dansa fordi eg får bruka heile kroppen. I starten er det litt vanskeleg, men når ein klarer triksa, er det gøy. Når eg dansar føler eg meg glad og spent på om eg klarer det.

 

Foto: Janne Nerheim

Olve Hovland Sande

– I fjor sommar var eg på eit show i Kulturhuset der dei dansa breikdans. Etter showet spurde eg mamma og eg kunne få byrja på Spinae. Det er for tidleg for meg å tenkja på OL no, men det er veldig kult at me kan bli med på det når me blir store. Eg likar å dansa fordi me gjer så kule triks. Eg kan for eksempel snurra på hovudet. Når eg dansar blir eg full av energi. 

 

Foto: Janne Nerheim

Mina Kannelønning Kolstad

– Det var litt rart å få vita at breikdans er blitt med i OL. Men, det høyrest gøy ut! Eg har ikkje tenkt på om eg vil ha det som mitt mål. Eg likar å berre vera ein fri dansar som gjer det eg vil. Det beste med dansen er å ha det gøy og sleppa ut alle bevegelsane eg har i kroppen. Eg brukar masse energi og får vera med venner. 

HEILT SJEF: Magdalena From Delis er danselærar og sjef på Spinae Company. Foto: Svein Olav Langåker

Eit fantastisk samhald

– Det er eit fantastisk samhald i breikdans. Barn i alle aldrar øver, heier på kvarandre og arrangerer battles, fortel Magdalena From Delis.

Ho er leiar i Spinae Company og trur mange vaksne misforstår hensikta med dansen. 

– Det er nok ein del vaksne som har misforstått street-kulturen. Dei trur breikdans, skating og graffitikunst handlar om å skapa trøbbel på gata, men det er jo tvert om slik at folk utfordrar kvarandre til å danse i staden for å krangle, fortel ho.

Hos Spinae er det ein ting som er viktigast av alt:

– Alle skal få plass til å vera seg sjølv, og alle skal få vera gode på sine eigne ting, seier Magdalena.