Sjekk kva som skjer når du vrir ein våt klut i verdsrommet

Du har kanskje opplevd at vatn og vaskeklutar ofte kan bety søling. Slik er det ikkje i verdsrommet.

GIF: giphy.com

Sjå for deg at du står på badet om morgonen, eller skal vaska over kjøkkenbordet. Har du for mykje vatn i kluten, er det fort at vatnet hamnar på golvet i staden for på overflata eller i ansiktet.

Men har du nokon gong lurt på kva som skjer viss du vrir opp ein våt klut i verdsrommet? Resultatet er ganske mykje annleis enn om du hadde gjort den same handlinga på jorda.

Vann konkurranse – fekk gjera eksperiment

Den canadiske astronauten Chris Hadfield, var i 2013 utplassert på den internasjonale romstasjonen. Medan han var der, fekk han følgjande spørsmål frå dei to 10.-klassingane Meredith Faulkner og Kendra Lemke:

– Viss du vrir opp ein søkkblaut vaskeklut i verdsrommet – kva skjer då? 

Elevane frå Fall River i Nova Scotia, vann ein nasjonal vitskapskonkurranse i regi av Canadian Space Agency med eksperimentet sitt på overflatespenning i verdsrommet.

GIF: giphy.com

Hadfield filma seg sjølv medan han gjorde eksperimentet. I videoen kjem det tydeleg fram at vatn oppfører seg annleis i verdsrommet enn på jorda.

Som om tyngekraften ikkje finnast

På jorda blir både menneska og alt rundt oss, trekt mot sentrum av planeten. Dette kan me takka tyngdekrafta for. Men viss du reiser langt nok ut i verdsrommet, som for eksempel til den internasjonale romstasjonen, oppfører vatnet seg annleis der. For der er lovane me kjenner frå fysikken annleis enn på jorda, skriv usgs.gov.

Sjølv om ein kanskje ikkje skulle tru det, er det faktisk mykje tyngdekraft på romstasjonen.

Men sidan den går i bane rundt jorda, er astronautane om bord i eit slags fritt fall, der dei nesten kjenner seg heilt vektlause. Derfor oppfører vatnet som er om bord på romstasjonen seg som om det ville vore i eit miljø heilt utan tyngekraft.

Her kan du sjå resultatet – ganske kult, hæ? 

 

Kjelde: Canadian Space Agency and NASA