No skal biene få vaksinar

Styresmaktene i USA har godkjent ein vaksine til bier.

Det er den første vaksinen i historia som er laga for insekt. Han skal beskytte honningbier mot ein smittsam bakteriesjukdom som har gått hardt utover mange bikubar.

Forskarar har lenge trudd at det kan vere umogleg å lage vaksinar til insekt. Vaksinar fungerer nemleg ved at ein lærer opp immunforsvaret til å kjenne igjen eit virus eller ein bakterie. Men insekta har ikkje eit immunforsvar som tilpassar seg på same måte som virveldyr, til dømes oss menneske.

No har dei likevel fått det til. Sidan biene speler ei viktig rolle i naturen, er det viktig å ta vare på dei. Nokre typar bier er også utryddingstruga.


Les også: Kor mange typar bier veit du om?

Foto: Pixabay