Fryktar at tusenvis av språk vil døy grunna klimaendringar

Språkforskarar fryktar klimaendringar er spikeren i kista for minst halvparten av verdas språk.

I dag vert kring 7.000 språk snakka verda rundt. Men innan år 2100 fryktar språkforskarar at minst halvparten av desse språka vil vere utdøydde eller alvorleg truga.

Eit endå meir pessimistisk, men likevel realistisk, framtidsbilete er at vi har mista 90–95 prosent av verdas språk.

– Vi er på veg mot eit katastrofalt språk- og kulturtap i det neste hundreåret.

Det seier Dr. Gregory Anderson til avisa The Guardian, som først omtalte saka. Han jobbar med å dokumentere og registrere truga språk.

Den siste spikaren i kista

Allereie no døyr i snitt eitt språk kvar andre veke. Eit språk døyr når ingen lenger kan prate det. Mange språk i verda er så små at berre nokre titals personar kan dei.

I dag vert små språk truga av mellom anna globalisering og migrasjon. Det er vanskeleg å halde på språket sitt om ein flyttar til ein annan plass, der dei snakkar eit anna språk. Det er òg vanskeleg å halde på språket sitt om du heile tida må prate noko anna – som engelsk – for at andre skal forstå deg.

No fryktar forskarar at dette språktapet vert verre av klimaendringane.

– Det har ei forsterkande effekt, den siste spikaren i kista, seier forskaren Anastasia Riehl frå det canadiske Queen’s University til avisa.

Sårbare for klimaendringar

Mange små språksamfunn held nemleg til på øyar og langs kysten. Desse stadane er sårbare for orkanar og at havet stig.

Eit døme på dette er øystaten Vanuatu, som ligg i Stillehavet. Øya husar heile 110 språk. Men landet er òg blant dei som er mest i fare om havnivået stig. Om folk som bur på Vanuatu må flytte fordi det ikkje lenger er trygt å bu der, så kan det verte vanskelegare å halde på språket sitt, fordi dei lyt flytte forskjellige plassar der dei snakkar andre språk.

I tillegg held små språksamfunn til på plassar der ein aukande temperatur trugar tradisjonelt jordbruk og fiske, noko som òg fører til at dei må flytte.

FN tek grep

For å svare på krisa, lanserte FN i desember Det internasjonale tiåret for urfolksspråk (International Decade of Indigenous Languages).

Målet er å verne og fremje urfolksspråk.

– Med kvart urfolksspråk som døyr ut, så forsvinn òg tankane, kulturen, tradisjonen og kunnskapen det bersa Csaba Kőrösi, president i FNs generalforsamling.


Les også: Maren Benedicte skal jobba for at barn får ha samisk på skulen

Maren Benedicte Nystad Storslett (25) er yngste representant i Sametinget. Foto: Privat