Dette vil regjeringa gjere med dei høge prisane

Styresmakta set inn tiltak på grunn av høge matprisar

Regjeringa har denne veka møtt med dei største matvarekjedene for å prate om at prisen på matvarer har blitt høgare.

Mat og drikke blitt 6,5 prosent dyrare i løpet av det siste året. Det er meir enn den generelle prisauken i samfunnet, som har vore på 5,8 prosent.

No varslar regjeringa at dei sett inn tre tiltak på grunn av dei auka prisane. Dei skal:

  • gjere ein studie av kvar pengane blir av frå bonden produserer maten til han hamnar i butikken.
  • be konkurransetilsynet sjekke kvifor det skjer mykje prissignalisering. (Prissignalisering er når nokon til dømes varslar på førehand at dei skal setje prisen på ei vare opp før det skjer.)
  • greie ut korleis prisar faktisk blir til. Aktørane i matmarknaden kan berre setje opp prisar to gonger i året, og regjeringa vil finne ut meir om korleis det skjer.

Les også: Han styrer pengane i Noreg

Trygve Slagsvold Vedum har ansvaret for korleis Noreg bruker pengane sine. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB