Elevar kan tape mykje pengar på at læraren streikar

Var du ein av elevane som opplevde streik i sommar og haust? Det kan du tape pengar på i framtida.

Undervisninga elevar går glipp av, er viktig for kor mykje pengar dei tener i framtida. Det skriv ung.forskning.no.

Forskarar har nemleg sett på korleis lærarstreikar har påverka elevar i Argentina. Mellom 1983 og 2014 opplevde argentinske elevar 1500 lærarstreikar.

Barn som vart råka av desse streikane, fekk klart lågare lønn som vaksne, enn andre barn. Di fleire skuledagar elevane mista, di meir pengar tapte dei som vaksne.

Kan miste éin halv million kroner

Om tala frå Argentina vert overført til Noreg, så vil elevar på skulane der lærarane streika lenge miste éin halv million kroner i inntekt resten av livet.

– Mister dei fleire månadars undervisning på skulen, så vert det vanskeleg å ta igjen. Kanskje til og med vanskelegare enn det lærarane sjølv trur.

Det seier forskar Alexander W. Cappelen til ung.forskning.no. Han forskar på økonomi ved Norges Handelshøgskule.

Samstundes viser reknestykket noko fint, nemleg at elevar lærar mykje på skulen.


STRAND: Ella Vatne Steinholt likar å gå på stranda og sjå på sjøstjerner eller plukke krabbar. Foto: Privat