Regjeringa vil ta meir omsyn til miljøet

Regjeringa vil gjera reglane for offentlege anbod grønare.

Når offentlege verksemder vil kjøpa nye varer, til dømes bygg, bussar, tog eller elektrikartenester, held dei anbodskonkurransar. Dette er konkurransar der verksemder som vil levera varer og tenester kan delta.

Til no har reglane for desse konkurransane vore slik at dei som kunne levera den beste vara til den lågaste prisen vann konkurransen, og miljøet har betydd lite. Regjeringa vil endra desse reglane, fordi dei meiner at dei er utdaterte.

Regjeringa ønsker no at omsyn til miljøet skal avgjera 30 prosent i alle offentlege innkjøp. Slik vil dei som har ein klar miljø- og klimaprofil gjera det bra i anbodskonkurransar.

– Det er våre felles skattepengar som blir brukt. Dei grønaste tilbydarane skal vinna fram, seier næringsminister Jan Christian Vestre til E24.

Regelkravet blir no sendt ut på høyring på Stortinget. Det vil påverka byggebransjen, tenesteleverandørar og alle som ønsker å delta i offentlege anbod i Norge. Endringa vil truleg tre i kraft til sommaren.