Ella (7) fekk brev frå statsministeren: – Takk for at du bryr deg

Ella Vatne Steinholt bad Jonas Gahr Støre ta grep om bustadprisane. No har statsministeren svara.

Før jul sende Ella eit brev til statsminister Jonas Gahr Støre der ho bad han om å fikse bustadprisane.

– Husa kostar uendeleg mykje. Vi kan ikkje bruke alle pengane våre på noko vi treng for å leve, skreiv ho.

No har Støre svara på brevet. Han skriv at Ella tek opp viktige ting.

– Det er vondt å vite at det finst menneske som strever med å ha nok pengar til mat, klede eller ein stad å bu. Dette er heilt naudsynte ting som alle menneske treng for å leve, skriv statsministeren.

Kan ikkje hjelpe alle

Statsminister Jonas Gahr Støre svara Ella i eit brev. Foto: Privat

Støre fortel at regjeringa gjer mykje for å hjelpe dei som har aller minst. Dei som er heimlause eller slit med andre ting, kan få hjelp og støtte.

– Noreg er eitt av dei landa i verda der staten brukar mest pengar på innbyggarane sine. Det er difor vi ofte seier at Noreg er eit velferdssamfunn, skriv Støre.

Likevel kan ein ikkje gi nok hjelp til alle som treng det. Statsministeren lovar Ella at han vil fortsette å jobbe med det.

– Takk for at du bryr deg og for at du seier meininga di! Det håpar eg du held fram med, skriv Støre til Ella.