Putin sin utilsikta miljørevolusjon

Det grøne skiftet får vind i segla på grunn av krigen i Ukraina.

Veksten i utbygginga av fornybar energi vil auka kraftig dei neste åra over heile verda spår Det internasjonale energibyrået (IEA) i ein ny rapport. 

Nettstaden Carbon Brief har rekna ut at fornybar-aukinga fram mot 2026 vil vera 76 prosent større enn IEA spådde for berre to år sidan.

Årsaka er «den første verkelege globale energikrisa», som IEA kallar det. Det grønne skiftet skjer fortare på grunn av Russland sin krig i Ukraina, og at fleire land difor vil slutta å kjøpa gass og olje frå ustabile, upålitelige og autoritære regime. Dermed kan ikkje Putin bruka energi som strategisk våpen lenger, skriv BT.

EU har vedtatt «Repower EU»-strategien, som skal gjera unionen uavhengig av russisk gass og olje. Tyskland og Spania har heva ambisjonane svært mykje, noko som har løfta EU sine planar for fornybar-utbygging med heile 30 prosent berre det siste året.

Utsleppsverstingane USA og India har vedtatt omfattande politiske planar for å erstatta fossilt brennstoff med grønn energi innan 2030.

Kina satsar òg stort på fornybar energi, og planlegg å bygga halvparten av verdas nye fornybar-forsyning fram mot 2027.

IEA reknar med at fornybar energi kjem til å passera kol som verdas største energikjelde allereie tidleg i 2025. Solenergi blir desidert viktigaste energikjelde, større enn gass i 2026, og større enn kull året etter.