Dette ønsker kjendisane seg til jul

Vi har spurt ulike kjende personar kva dei ønsker seg til jul, og kva tips dei har til julegåver.

Alexandra Joner

Artist, dansar og skodespelar. Sist sett som «Huldra» i Maskorama.

Foto: Privat

– Kva ønsker du deg til jul?

– Alltid klede, elsker fargerike og gøye antrekk!

– Kva er ditt beste julegåvetips?

– Tja, sei det. Pengar! 🎅🏽

– Brukt eller nytt?

– Som regel nytt, men mamma har påverka meg til å få auga opp for gjenbruk. På gjenbruksstasjonen kan ein finne mykje gull!

– Kva julelåt må du høyre?

All I Want for Christmas med Mariah Carey høyrer eg gjerne på når eg står og lagar pinnekjøt og alt det deilige tilbehøret!

Ane Norum Kvistad

Programleiar i Newton

Foto: Privat

– Kva ønsker du deg til jul?

– I vår lærte eg meg å sy, så eg ønsker meg diverse sysaker! Og ulltøy, for det slit eg ut mykje av her i kalde Trondheim.

– Kva er ditt beste julegåvetips?

– Skriv ned ting gjennom året. Eg gir ofte ting som kan etast, ting eg har laga sjølv, innramma bilete eller opplevingar.

– Brukt eller nytt?

– Begge! Ein har som regel altfor mange ting, så gå for brukt om du finn det!

– Kva julelåt må du høyre?

– Heile Jul i Svingen-albumet. Låta I den kalde vinter av Christel Alsos forbinder eg veldig med juletrepynting. Dreu Hasselnüsse av Jaques Raupe er ei gøyal låt som eg berre MÅ danse til i jula.

Benjamin Ebbesen

Speler «Erik» i Rykter på NRK.

Foto: Privat

– Kva ønsker du deg til jul?

– Det som ville gjort meg mest lukkeleg er ein Rubiks kube signert av verdsmeister Magnus Carlsen ❤️

– Kva er ditt beste julegåvetips?

– Noko som ser eteleg ut, men som ikkje kan etast. På bergensk ville vi sagt at dette er «meget tidig».

– Brukt eller nytt?

– Kjøper mest brukt. Ikkje fordi eg er gjerrig, men fordi eg er miljømedviten. Eller var det omvendt?

– Kva julelåt må du høyre?

Under treet – Morgan Sulele ringer jula inn:) Men «All I Want for Christmas…», kven kan det vere?<3

Selma Ibrahim

Programleiar i NRK Super.

Foto: Privat

– Kva ønsker du deg til jul?

– Opplevingar! Kanskje konsertbillettar eller tur på teater.

– Kva er ditt beste julegåvetips?

– Gjer gåva personleg. Eitt år gav eg mamma ei «scrapbook» med bilete av meg og henne saman meg grunnar til kvifor ho er så bra mamma. Den vart ho veldig glad for!

– Brukt eller nytt?

– I år kjøper eg faktisk ein del brukt til julegåver. Ein treng ikkje kjøpe nytt for at det skal bli ei bra gåve, i tillegg blir det jo billegare OG meir miljøvenleg.

– Kva julelåt må du høyre?

Selmas sang av Eva Weel Skram, sjølvsagt.

Siri Skjeggedal

«Selma» i Snøfall.

Foto: Privat

– Kva ønsker du deg til jul?

– Ny alpintbukse, anorakk og randonee-utstyr. Aller mest: Kitekurs på snø, som dei av og til har på fjellet der eg har vinterhytte.

– Kva er ditt beste julegåvetips?

– Å gi ei oppleving. Det kan vere alt frå ein tur på kafé til konsertbillettar. Det synest i alle fall eg er dei hyggelegaste gåvene.

– Brukt eller nytt?

– Eg kjøper gjerne brukt til meg sjølv, men synest det er litt skummelt å kjøpe brukt til andre, med tanke på at det ikkje kan bytast.

– Kva julelåt må du høyre?

– Eg er veldig glad i Last Christmas av Wham!, men heime har vi nesten alltid albumet Snowing on My Piano på i jula.

William Alexander Høyem Ribe

Vann Melodi Grand Prix junior i 2022.

Pressefoto

– Kva ønsker du deg til jul?

– Ein god gitar, for eg har lyst til å lære meg å spele. Og ein CD-spelar, for pappa har så mange CD-ar liggande som eg vil høyre på. Elles klede og Jordan-sko.

– Kva er ditt beste julegåvetips?

– Tenk på kva personen likar, og om han/ho har ein hobby. Elles kan du lage gåver. Særleg besteforeldre og foreldre vert glade for det.

– Brukt eller nytt?

– Eg må innrømme at eg kjøper mest nytt. Men eg har ofte laga julegåver til familien.

– Kva julelåt må til for at det skal bli jul?

– Eg plar å sette It’s Beginning to Look a Lot Like Christmas som ringetone rundt juletider.

Salamatu «Sally» Kamara

Programleiar i NRK Super

Foto: Privat

– Kva ønsker du deg til jul?

– Ei reise til heimlandet mitt Sierra Leone. Eg har ikkje vore der sidan før pandemien.

– Kva er ditt beste julegåvetips?

– Eg elskar å lage ting sjølv. Finne ting eg har heime og sette dei saman til noko fint.

– Brukt eller nytt?

– Det går mest i brukte ting som ein kan lage noko nytt av.

Ebba Lindgren

«Sofie» i Lik meg.

Foto: Privat

– Kva ønsker du deg til jul?

– Eit par sko som eg har hatt lyst på lenge, og ei kvit hue.

– Kva er ditt beste julegåvetips?

– Badebomber er gøy å få, og dei har mange fine fargar. Eg har pleidd å strikke enkle ting som panneband og halsar. Eit tips viss du skal lage til mange: Lag mykje frukostblanding, hell på glas og lag ein personleg etikett.

– Brukt eller nytt?

– Mest nytt, men vil eigentleg helst kjøpe brukt.

– Kva julelåt må du høyre?

Driving Home for Christmas av Chris Rea. Då vert det julestemning med ein gong!

Stem her: Ville du blitt glad for å få brukte julegåver?