Julekalender -20. desember

Har du lurt på kvifor dei i England opnar pakkar og feirar jul frå morgonen etter vår julafta?

Julefeiring verda rundt
  • England: Julefeiringa startar 25. desember
  • USA: Julefeiringa startar 25. desember
  • Frankrike: Julefeiringa startar 25. desember
  • Tyskland: Julefeiringa startar 24. desember
  • Island: Julefeiringa startar 24. desember
  • Australia: Julefeiringa startar 24. desember
  • Filippinene: Julefeiringa startar 24. desember
  • India: Julefeiringa startar 24. desember
  • Brasil: Julefeiringa startar 25. desember
  • Hellas: Julefeiringa startar 25. desember
LES FAKTALUKK FAKTA

Har du sett engelske julefilmar, og lagt merke til at borna hoppar ut av senga og skundar seg ned i stova for å opna pakkane sine om morgonen den 25. desember?

Merkeleg, ikkje sant?

I England opnar dei julepresangane 25. desember. Foto: #8/Colourbox

Landet ein bur i, kultur og religion kan påverka om og kva tid ein feirar jul.

Kong Håkon den gode (ca 918-961) bestemte på 900-talet at me i Norge skulle feira jul 25. desember, slik andre kristne land gjorde. Før dette feira me jul 12. desember i Norge.

Men i Norge og dei andre skandinaviske landa er skikken slik at me feirar jul den 24. desember, kvelden før den eigentlege dagen.

Første juledag, 25. desember er den kyrkjelege høgtidsdagen då Jesus vart født. Til dømes er det midnattsmesse i Peterskyrkja i Roma, der dei feirar Jesus sin fødsel frå midnatt 24. desember.

Sjå faktaboksen for kva dag dei feirar jul i andre land.

Peterskyrkja i Roma. Foto: #1016/Colourbox