Barnas klimarapport 2022: – Få barn føler at dei kan påverke politikarar

Viljar og Isa vil at politikarar skal høyre på barn i klimasaker.

Tal frå rapporten

1039 barn og unge frå 8 til 19 år er spurt.

  • 4 av 10 er bekymra for eigen framtid
  • 1 av 6 svarer dei kan påverke politikarar i klimasaker
  • 14 % meinte politikarar gjer nok for klimasaka
  • 50 % er ueinige i at politikarar gjer nok for klimasaka
LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg håpar at dei ikkje berre les rapporten, men at dei tek det vi seier og brukar det når dei skal ta avgjerder, seier Isa Theissen (14).

Ho er ein del av Barnas klimapanel. Dei har nettopp presentert ein rapport som heiter «Når skal dere begynne å lytte – Maktesløshet og engasjement». Han inneheld masse svar frå barn om kva slags haldningar dei har til klima og miljø.

Klimapanelet håpar at maktpersonar vil ta med seg det som kjem fram i rapporten. Viljar Kristoffer Olaussen (12) meiner det er spesielt ein ting dei må legge merke til.

– Eg synest at dei burde ta tak i at det er veldig få barn som føler at dei har noko moglegheit til å påverke politikarar, seier han.

Isa og Viljar fekk derimot gode høve til å bli høyrd, då panelet la fram rapporten for stortingspolitikarar.

Viljar styrer mikrofonen når stortingspolitikarane må svare på tøffe klimaspørsmål. Foto: Åshild Slåen

Saman med dei andre barna stilte dei spørsmål som:

  • Skal vi slutte å leite etter olje?
  • Inkluderer de barn i klimasaker?
  • Klarer vi å løyse klimakrisa?

Barneombod Inga Bejer Engh var også invitert. Ho framheva at det står i grunnlova at barn skal bli inkludert i saker som omfattar framtida deira.

Det inkluderer klima, understrekar ho.

Plast og mat

Isa har spesielt ei sak ho brenn for.

– Det er jo klimaendringar vi snakkar mest om, men eg er også engasjert i plast i havet og forsøpling, seier Isa.

– Kvifor det?

Alt som lever i både havet og naturen står i fare for å bli sakte men sikkert utrydda. Det er for eksempel mange fuglar som lever ved sjøen som et plast.

For Viljar er det matsvinn.

– Eg synest det er veldig dumt at folk berre kastar mat når det er mogleg å ete det, seier han.

– Du har ei gulrot som ikkje ser så veldig fin ut når den kjem opp av bakken, som bonden kastar fordi han ikkje kjem til å bli kjøpt i butikken. Den er heilt etande, den berre ser litt rar ut.

Klimatoppmøtet

Desse sakene tek dei med seg når dei no i november skal til Klimatoppmøtet i Egypt. Der skal dei dele ut rapporten til så mange som mogleg.

– Vi skal vise fram rapporten, følgje med på kva som skjer, og vise fram kva barn meiner, seier Viljar.

Isa håper innhaldet går inn på dei som kan gjere noko med klimaet.

– Vi kjem også til å prate med dei, høyre på tankane deira og lære meir om klimasaka.