Deltek på klimatoppmøtet: – Me er veldig, veldig heldige

Barnas Klimapanel har vore i Glasgow for å delta på Klimatoppmøtet. Dei reagerer på at barna er underrepresentert på møtet.

– Dette er ei unik moglegheit. Me kan faktisk tørra å seia at dette er noko så og seia «ingen» barn eller vaksne får oppleva. Me er veldig, veldig heldige, seier Ane Angeltveit (13) til Framtida Junior frå klimatoppmøtet.

Saman med Jakob Sande Haugset (11) og resten av Barnas Klimapanel, har ho reist til Glasgow for å gi alle barn ei stemma i kampen for klimaet. Derfor synest er det veldig rart at det er svært få barn som er til stades på møtet.

– Politikarane snakkar jo om at det er så viktig at barn får vera med på slike ting og at dei må høyra på barna – men kvifor er det ikkje fleire barn her då? spør Ane.

RART: Jakob og Ane fortel at Noreg er det einaste landet som har eit eige klimapanel for barn. – Eg har googla litt, og har ikkje funne noko info om at det finnast noko slikt i andre land. Det er jo veldig rart – for det er mange miljøengasjerte barn der ute, seier Jakob.

Vil laga internasjonalt klimapanel

Dei fortel at dei har spurt fleire om kvifor det er slik – og at ingen gir dei konkrete svar.

– Politikarane i Noreg seier at dei er finke, fordi dei har sendt oss. Og så skuldar dei på andre land fordi dei ikkje har vore like flinke, seier Jakob.

Dette håpar dei å få gjort noko med, og fortel om store og spennande internasjonale planar.

– Viss alle land hadde hatt eit Barnas Klimapanel, kan me skapa eit internasjonalt klimapanel med dei som er leiarane i dei forskjellige landa. Det verkar som om politikarane er positive til dette, men samtidig har me fått råd om å starta smått, seier Jakob.

– Det er jo vår framtid det er snakk om. Me må gjera noko no, og det er viktig at dei vaksne høyrer på barna, seier Ane.

MIDT I MELLOM: Her tek barnas klimapanel bilde med jordkloden inne på klimatoppmøtet. Etter å ha snakka med fleire politikarar, sit Jakob og Ane att med eit inntrykk av at dei korkje er optimist eller pessimist når det gjelder framtida til jordkloden. Men det treng ikkje å vera negativt. – Eg tenkjer at det eigentleg betyr at dei tek oss på alvor, at dei seier det som det er, seier Ane.

Eit veldig positivt møte

Dei to miljøagentane fortel at samtalen dei hadde med delegatar frå FNs klimapanel, er høgdepunktet.

– Me gav dei barnas klimarapport og fekk ein rapport frå dei i retur. Eg trudde ikkje at eg kom til å forstå så mykje av den samtalen, men dei snakka på eit språk som gjorde det enkelt for oss, seier Jakob.

Ane omtalar samtalen som eit veldig positivt møte. Det verka som delegatane faktisk ville snakka med dei – og slik er det ikkje alltid.

– Dei gjorde det ikkje fordi dei ville skryta av at dei hadde snakka med barn, men fordi dei faktisk brydde seg, sier ho.

HØGDEPUNKT: Høgdepunktet med opphaldet i Glasgow var å få snakka med delegatane frå FNs klimapanel.

Fakta om barnas klimapanel:

  • Barnas klimapanel vart danna i 2015. I panelet for 2021 er det åtte miljøagentar mellom 11 og 14 år, frå heile landet. 
  • Formålet med panelet er å påverka dei som bestemmer, og gi barna ei større moglegheit til å definera si eiga framtid.
  • Miljøagentane er barna sin eigen miljøvernorganisasjon. 
  • Dei miljøagentane som er med i Barnas klimapanel vidareformidlar barn sine forslag, tiltak, krav og innspel til dei som bestemmer. Dette dannar grunnlaget for ein årleg klima- og miljørapport. 
  • Viss du har innspel til Barnas klimapanel, kan dei sendast til ​​bk@miljoagentene.no.