Meiner landslagsdrakter er for dyre

Vil du ha ei fotballtrøye med namnet og spelarnummeret til Haaland på, må du ut med nesten 1 000 kroner.

Ei fotballtrøye med namnet til favorittspelaren din på ryggen kostar 948 kroner.

Ei drakt for vaksne kostar 200 kroner meir.

Leiar for supporterklubben til herrelandslaget seier til NRK at det er for dyrt for ei barnedrakt og at mange ikkje har råd. Han peiker på at born fort veks ut av drakta.

Runar Pahr Andresen i Noregs Fotballforbund seier at prisen er ganske lik som i heile Europa.