Fotballspelar får ikkje vere med på landslaget etter å ha signert for ein russisk klubb

Mathias Normann (26) har gått til russiske Dinamo Moskva og får ikkje spele for det norske landslaget.

Denne veka fortalde landslagstrenar Ståle Solbakken at Mathias Normann ikkje får vere med på landslaget lenger. Det er fordi han har signert kontrakt med den russiske klubben Dinamo Moskva.

Landslagstrenaren ringde Normann på førehand og forklarte at det kunne bli utfallet om han gjekk til russisk toppfotball.

På grunn av krigen

Alle russiske lag er utestengde frå internasjonale konkurransar på grunn av krigen i Ukraina.

Fotballpresident i Noreg Lise Klaveness forklarar at Normann ikkje kan representere Noreg når han skal spele for eit russisk lag.

Mathias Normann med si nye drakt. Foto: Dinamo Moskva

Vil ikkje blande politikk og fotball

26-åringen starta karrieren i Bodø/Glimt. Han har den siste tida spelt i Norwich i England. Normann har vore på utlån frå den russiske klubben Rostov. No skal han tilbake til Russland og spele for eit lag i hovudstaden Moskva.

Normann har sagt til TV2 at dette var den beste sportslege moglegheita for han, og at han ikkje vil blande fotball og politikk.

– Eg skal dit for å spele fotball og er happy med det.

Normann understrekar at han fordømmer Russland sine krigshandlingar i Ukraina. Han ville heller spele i Moskva enn i Rostov fordi det er lenger unna grensa til Ukraina.