Bli med inn i kjemikar-Alexander sin VitenGALskap

Kjemikar Alexander H. Sandtorv har skrive ei bok som er proppfull av kule fakta, elleville historier og imponerande eksperiment du kan testa heime på ditt eige kjøken. 

– Det meste me veit om verda, har me funne ut gjennom å eksperimentere. Eg synest norske barn treng ei bok som handlar om kvifor det å eksperimentere er så kult, fortel Alexander.

VitenGALskap er første boka i ein splitter ny serie om vitskap.

BOK: – Eg synest norske barn treng ei bok som handlar om kvifor det å eksperimentere er så kult, fortel Alexander. Foto: Eirik W. Breistein

– Det er kult å få laga fleire bøker med ulike tema. Denne første boka er full av elleville eksperiment. Det er viktig at du som les får lære om vitskap med humor og spenning, seier forfattaren som allereie er i gong med neste bok. Den skal handla om sjukdommar. 

– Kvar bok skal handla om noko frå vitskapens verd. Då blei det naturleg at den første boka skulle handle om eksperiment, fortel han.

Boka er delt inn i tre delar: Om eld, elektrisitet og kroppen. Alle tre delane inneheld historier fylte av spenning, galskap, fakta og eksperiment du kan gjere sjølv. 

Artikkelen held fram under illustrasjonen.

EKSPERIMENT: VitenGALskap kan lesast i ein jafs, eller du kan lesa litt og litt. Den er delt inn i små kapittel og krydra med mange kule illustrasjonar, fine fakta og spennande eksperiment du kan testa ut heime. Illustrasjon: Helena Lindholm

– Er det viktig å vera litt gal når ein eksperimenterer?

– Det er ein slags galskap i vitskap. Det generelle bilete folk har av vitskapsfolk, er gjerne ein galen mann med stort hår som sprenger ting i lufta. Eg synest det er gøy å leike litt med den tanken, men det er jo ikkje heilt sant. Det er ikkje er vits i å gjere eksperiment berre med galskap. Det går ikkje bra. Ein må vera ryddig og ha ein plan, fortel han.

Alexander skriv om ein del skumle, farlege eksperiment i boka.

– Historien er full av vitskapsfolk som har forska på ting utan å ha omsyn til folk, dyr og seg sjølve. Mange har gjort farlege ting, som ikkje ville blitt gjort i 2022, seier han.

 

Lære av andre sine feil

Forfattaren er oppteken av at tryggleik kjem fyrst når lesarane testar eksperimenta i boka.

– Eg likar eksperiment som alle kan gjera. Enkle, men kule ting. For eksempel cola og mentos-eksperimentet. Det har eg gjort mange gongar sjølv. Tenk at godteri og brus kan bli så kult saman!, seier han. 

Alexander har valt å fortelja om farlege eksperiment andre vitskapsfolk har prøvd, slik at barn og unge kan læra av det som har skjedd gjennom historia. 

– Det er mykje å læra av feil andre har gjort. Eg har doktorgrad i kjemi, og vil sjølvsagt framstilla vitskapen frå si beste side. Men denne boka viser heile vitskapen – også det som er feil og farleg. Ting me bør snakka om og diskutera. For eksempel skriv eg om forskarar som sende straum gjennom eit lik, og om ein forskar som lot ei sandloppe leve under huda si i fleire månader. Det har eg tatt med i boka fordi eg synest det er viktig at me kan diskutera kva me tenkjer om det som har skjedd gjennom historia, seier han.

ILLUSTRATØR: – Helena Lindholm har ein heilt skrudd teiknestrek som passar veldig bra med den skrudde bodskapen i boka. Ho skal illustrera bok 2 og 3 også, og det er eg veldig glad for, fortel Alexander. Illustrasjon: Helena Lindholm