Maja Brannstorph (16) er bifil. Det vil seie at ho kan bli forelska i både gutar og jenter. Ho fortel at det var fleire i venegjengen som oppdaga at dei var skeive nesten samtidig.
Å vere «skeiv» kan til dømes bety at du blir forelska i nokon av same kjønn, eller at du føler deg som eit anna kjønn enn du er fødd som. Det å vere annleis, kan gjere at ein kjenner seg utanfor, eller vert plaga av andre.
– Vi spurte: «er dette vanleg for andre»? Det hjelpte å ha kvarandre å snakke med, fortel ho.
Lettare i dag
Maja fortel at ho hadde ei fin oppleving med å fortelle dei rundt henne at ho var bifil. Ho trur nok at det er lettare for dei fleste å vere skeiv i dag enn det var for 50 år sidan.
Ho seier at det var veldig viktig for henne å vite at både familien og venene hennar var støttande. Foreldra hennar har fortalt henne om ulike legningar, dei hadde snakka om temaet på skulen, og dessutan feira Pride fleire gonger.
– Lærarar og skulen kan ha mykje å seie for at det kjennest trygt å finne ut av kven du er, seier ho.
Maja sine tips til dei som lurer på om dei er skeive:
- Prøv å omtale deg sjølv som ein annan legning, og kjenn etter om det kjennest rett.
- Sjå på videoar i sosiale medium med folk som fortel om kva dei tenkte då dei fann ut av legninga si.
- Finn vener som du veit vil støtte deg.