Framtidajunior Visste du at? Polarulven Maya er den første av sitt slag – ho er klona

Polarulven Maya er den første av sitt slag – ho er klona

Kinesiske forskarar har klona ein vill polarulv. Dei håpar genteknologien kan verte nytta for å redda truga artar.

Førre veke vart polarulven Maya presentert til verda for første gong. Den drygt 120 dagar gamle kvalpen er klona fram i eit kinesisk laboratorium.

– Etter to år med nøysam innsats, har polarulven vorte klona med suksess. Ho er den første av sitt slag i verda.

Det sa Mi Jidong, sjefen i det Beijing-baserte selskapet Sinogene Bioteknologi, ifølgje kinesiske Global Times.

Saka er omtalt av fleire internasjonale medium, mellom anna CNN

MAYA: Polarulven Maya er ein klon. Foto: Sinogene Biotechnology Co.

Plar klone daude kjæledyr

Til vanleg klonar Sinogene daude kjæledyr for privatkundar som har mista hunden eller katten sin. No melder selskapet at dei vil bruke ferdigheitene sine på å klone utryddingstruga dyr.

Den opphavelege Maya kom frå Canada til Kina i 2006, og døydde av alderdom i 2021. Før ho døydde, henta forskarane donorceller frå hudprøver. Desse donorcellene vart sette i egg frå hundar.

85 slike embryo vart skapte og plasserte i livmora til sju beaglar, som er surrogatmødrer for klonane.

Maya er den første som er fødd, men ein klon til er venta, skriv CNN. Maya bur no med beaglen som bar ho fram, men skal seinare verte flytt til den kinesiske dyreparken Harbin Polarland.

Har klona fram utdøydd art

Polarulven sitt naturlege habitat er så langt frå folk, at det er liten risiko for at han vert utrydda. Men kloning har vorte brukt på utryddingstruga artar før.

I 2020 vart ein utryddingstruga svartfota ilder klona. Ein ilder som hadde lege i frysaren sidan 1988 vart henta fram av forskarar, og kloningsforsøket resulterte i den ivrige ilderen Elizabeth Ann.

TRUGA: Elizabeth Ann er den første klonen av ein amerikansk dyreart som er truga. Foto: USFWS/Wikimedia Commons/Offentleg eigedom

Forskarar har òg greidd å klone tilbake dyr frå ein allereie utdøydd art, nemleg den pyreneiske fjellgeita. Den siste fjellgeita døydde i 1999, men forskarar sikra seg celler før ho døydde.

– I 2003 lukkast forskarar med å klone fjellgeita tilbake, men gleda blei kortvarig. Geiteklonen døydde nemleg få minutt etter fødsel. Slik blei pyreneisk fjellgeit den einaste dyrearten som er utrydda to gongar, fortalde cellebiolog Stine Huftshammer Indrelid til Framtida.no tidlegare i år.

DOLLY: Sju månader gamle Dolly. Den klona sauen er fotografert på Roslin Institute 25. februar 1997. Foto: AP Photo/Paul Clements

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

Nesten 127.000 elevar stemte fram desse bøkene

Nærmare 127 000 unge lesarar på mellomtrinnet har lese og stemt fram sine fem superfinalistar til Bokslukerprisen 2022/23.

VIDEOAR