Elevleiar forventar at pengane spart på streik kjem elevane til gode

Norske kommunar og fylkeskommunar har spart over 24 millionar kroner kvar dag på lærarstreiken. Elevorganisasjonen forventar at pengane blir brukt på elevane.

– Mange kommunar har spart pengar på lærarstreiken. Det er ei grunnleggjande forventning om at dette no går tilbake til elevane gjennom skulen og tilrettelegging for den psykiske helsa, som har vore vanskeleg for mange.

Det seier leiar i Elevorganisasjonen Aslak Berntsen Husby på telefon til Framtida.no.

Ifølgje TV 2 har norske kommunar og fylkeskommunar spart rundt 24,3 millionar dagleg fordi lærarane som har streika ikkje har fått løn frå skulane. Dei har fått pengar frå streikekassa som fagforbundet deira har spart opp.

Tvungen lønnsnemnd

Lærarstreiken har vart i over 100 dagar. Streiken starta i juni og har vorte trappa opp utover hausten. 8 200 streikande lærarar skal no attende på jobb.

Utdanningsforbundet organiserer flest av lærarane som har vore tekne ut i streik. Tysdag bestemte regjeringa at streiken skulle avsluttast med tvungen lønnsnemd, slik at elevane får kome tilbake på skulen. 

Leiar i Elevorganisasjonen understrekar at dei er glade for at elevane er tilbake på skulen, men at dei støttar lærarane sine krav om høgare løn.

Ein må byrja arbeidet med korleis utdanna fleire lærarar. Her er mange faktorar, men løn er ein stor faktor, understrekar Husby.

For elevane sin del forventar Husby at skulane set inn tiltak for å ta att tapt læring.

Etterlyser risikovurdering om eksamen

På ein pressekonferanse onsdag uttala kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) at ho forventa at kommunane no bruker pengane dei har spart på elevane.

Ministeren avslørte også at ho ikkje har planar om å avlysa eksamen til våren. Det meiner Husby at det er for tidleg å seie noko om

– Me har ikkje bede om at eksamen avlysast, berre at me får meir kunnskap. Me forventar ei risikovurdering av eksamen. Det er ikkje eit steg mot å avlysa, men eit steg mot å gjennomføra eksamen på best mogleg måte, understrekar elevleiaren.