Framtidajunior Nyhende Regjeringa har stoppa lærarstreiken
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Regjeringa har stoppa lærarstreiken

Regjeringa har bestemt at lærarane skal tilbake på jobb så fort som mogleg.

Lærarane ved fleire skular har streika sidan byrjinga av juni. Fleire og fleire lærar gjekk ut i streik rundt skulestart i august. Rundt 8.500 lærarar var i streik då regjeringa greip inn tysdag kveld.

Mange elevar i ungdomsskulen og vidaregåande har ikkje hatt vanleg undervisning etter sommarferien, og mange har vore bekymra over situasjonen til sårbare elevar, spesielt i etterkant av to år med pandemi.

Barneombodet har skrive brev til regjeringa, og det same har Foreldreutvalet for grunnskulen.

Blei ikkje einige

Regjeringa ville at lærarane og kommunane, skulle bli einige utan at regjernga skulle gripe inn.

Men, dei klarte ikkje å bli einige, så no måtte regjeringa avslutta streiken ved tvungen lønnsnemnd. Det betyr at lærarane skal tilbake på jobb så fort som mogleg.

Det var NPK-NTB som fyrst omtala saka.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

Nesten 127.000 elevar stemte fram desse bøkene

Nærmare 127 000 unge lesarar på mellomtrinnet har lese og stemt fram sine fem superfinalistar til Bokslukerprisen 2022/23.

VIDEOAR