Færre av dei yngste er på Snapchat og TikTok enn for to år sidan

Halvparten av norske ni- og tiåringar er på sosiale medium, men likevel bruker færre av dei yngste Snapchat og TikTok no enn for to år sidan. Det viser Medietilsynets nye undersøking Barn og medium 2022.

Ni av ti 9–18-åringar er på sosiale medium, ifølgje Medietilsynet. Frå 13 års alder bruker nesten alle slike tenester.

LES MEIR: – Filter kan skapa ein falsk versjon av oss

I 2020 oppgav 65 prosent av tiåringane at dei brukte eitt eller fleire sosiale medium, medan det i årets undersøking er 56 prosent, altså ein nedgang på ni prosentpoeng. Også blant niåringane har delen brukarar falle, frå 51 prosent til 48 prosent, ein reduksjon på tre prosentpoeng.

– Me veit ikkje noko sikkert om årsaka til at bruken i dei yngste aldersgruppene har gått ned, men nedgangen kan tyda på at fleire foreldre held igjen når det gjeld kor tidleg barna slepp til på sosiale medium. Her kan auka merksemd rundt personvernutfordringane og at ein del av desse tenestene har innhald som ikkje er berekna på barn, spela inn, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.