Vikingane var ikkje berre bleike og blonde

Forskarar har undersøkt arvematerialet i skjelettet til 442 vikingar, og i 2020 vart resultata publiserte.

DNA-et viser at mange vikingar hadde forfedrar frå både Sør-Europa og Asia, skriv NRK.

Mannen som leda prosjektet, den danske professoren Eske Willerslev, meiner at funna kan endra måten vi ser på vikingane på.