Ny serie frå Disney+: «Viking Skool»

Sjølvaste Walt Disney Company har laga ein ny, norsk tv-serie om vikingar. Serien er allereie lansert i fleire land, men kjem til Noreg i haust!

Animasjonsserien «Viking Skool» rettar seg mot målgruppa 6-11 år og er utvikla av Gisle Normann Melhus og Frederick Howard.

Har jobba lenge med serien 

Howard og Melhus skal ha jobba med serien i over ti år.

– Makan til trong og lang fødsel, men endeleg er hjartebarnet fødd. Me er utruleg stolte av å endeleg kunna visa verda at vikingane kunne meir enn å plyndra, brenna og slåst – dei kunne vera ganske morosame innimellom òg, har Gisle Normann Melhus tidlegare uttala til Filter Film og TV.

NORRØN MYTOLOGI: Serien blandar det beste frå norrøn mytologi med kjente situasjonar frå livet som skulebarn. Skjermdump: YouTube/Disney