Slik fann vikingane vegen over havet

Vikingane hadde ikkje moderne navigasjonsinstrument, men i løpet av dei 200 åra dei var ute på tokt, utvikla dei ei rekkje hjelpemiddel for å finna fram.

Alle tok utgangspunkt i sola og vêret:

  • Vêrhanen: Denne kunne finnast på eit kvart skip. Den viste vindretninga, som var greitt å vita etter at vikingane ikkje lenger kunne sjå land. Vinden kunne derimot endra retning, så det var også viktig med andre instrument for å finna fram.
  • Peileskive: Denne var laga ut frå informasjon om sola si posisjon ved soloppgang og ved solnedgang.
Ein solstein, på islandsk og norrønt sólarsteinn, eller leidarstein, var i samsvar med dei norrøne sagaene eit krystall brukt til å finna posisjonen til sola på himmelen i overskya vêr eller i tåke. Foto: ArniEin, CC BY-SA 3.0-lisens
  • Solstein: Vikingane brukte stolstein for å finna retninga til sola dei dagane det var overskya. Likevel var dei avhengig av at dei kunne sjå ein flekk av blå himmel, elles kunne ikkje steinen nyttast.
  • Solbrett: Dette vart brukt til å måla solhøgda. Hadde solvinkelen blitt søre, heldt skipet ein for sørleg kurs. Var den blitt mindre, hadde dei segla for langt nord. Også her kunne det derfor bli problem om det var overskya.

Kjelder: SNL, avaldsnes.info, khm.uio.no, ndla.no, viking.no