Handballstjerna Bjarte Myrhol er klar med handballbok: Desse tipsa skulle han ønskt å få som ung

Bjarte Myrhol har spelt flest landskampar for herrelandslaget til Noreg i handball. No er han aktuell med boka «Håndballskills» der han deler ut mange gode råd til unge handballspelarar.

Fakta: Bjarte Myrhol

Bjarte Myrhol (f. 1982) er ein tidlegare norsk handballspelar som har spelt for Skjern Håndbold og som spelte på det norske landslaget frå 2002- 2021.

Han var kaptein på landslaget frå 2014- 2021. Då han slutta i den tyske klubben Rhein-Neckar Löwen pensjonerte dei trøya hans, nr. 18. Han starta handballkarrieren sin i Vestli IL. Myrhol kjem frå Stovner i Oslo og bur i Skjern i Danmark med kone og tre barn.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg ønsker å inspirera fleire barn til å spela handball, seier bokaktuelle Bjarte Myrhol til Framtida Junior.

– Det finst dessverre ikkje mange handballbøker. Samtidig er det for låg kjennskap blant barn og unge til forbilda og profilane me har i handball. Det ønsker eg å endra.

Handballheltar

Bjarte Myrhol  har vore kaptein på landslaget og kjenner og har spela med mange av dei største handballstjernene i verda.

I boka kan du lesa praktiske tips om handballspelet. Her lærer du av dei aller beste innan idretten, og ser kvifor dei er blant dei beste. Du kan sjå steg-for-steg korleis du kan jobba mot å bli ein endå betre handballspelar.

Vil du finta som Stine Bredal Oftedal, skyta nådelause underarmsskot som Nora Mørk eller spela lynsmarte pasningar som Sander Sagosen er Håndballskills boka du treng.

Her får du sjå spesialitetane til stjernene og får hjelp til å meistra teknikken til dei beste handballspelarane i dag.

Bjarte Myrhol har samla dei beste triksa frå handballproffane og deler òg av eigne erfaringar. Fotograf: Terje Bringedal, Vigmostad Bjørke

– Alle kan bli gode i handball, berre ein øver nok

Bjarte Myrhol starta sjølv å spela handball då han var 5-6 år gammal. Men han har ikkje alltid vore strekspelar:

– Nei, eg vart ikkje strekspelar før eg var 15 år eller noko. Det er veldig viktig å ikkje spesialisera seg på ein posisjon for tidleg, for då mistar ein masse spelarforståing, seier han til Framtida Junior.

– I boka skriv du at handballen lønar dei som er tolmodige. Kva meiner du med det?

Bjarte Myrhol har eit stort hjarte for barneidretten. Fotograf: Terje Bringedal, Vigmostad Bjørke

– Handball er ein idrett der alle kan bli gode, berre ein øver nok. Dei som er tolmodige har det artig, og blir litt betre kvar dag og vil oppleva meistring med handball. Du treng absolutt ikkje vera best i tidleg alder. Det finst det veldig mange døme på.

Gode tips til unge handballspelarar

Her er tre tips som Bjarte Myrhol gjerne skulle ha fått då han var barn eller ungdom:

1. Tren alternativt. Du blir betre i handball av å spela fotball, symja, turna osb.

2. Leik med ballen. Øv deg på forskjellige triks.

3. Sjå meir handball på tv, og/eller les handballbøker.