Forskar på vikingbarn

– Me veit ganske lite om korleis det var å vera vikingbarn. Det seier Marianne Hem Eriksen, som er arkeolog, til Ung forsking.

Men det dei veit, er at barn vart sett på som vaksne frå då dei kom i puberteten i 13–14-årsalderen.

– Då kunne dei gifta seg og få barn. Men dei kunne nok ikkje alltid bestemma sjølv kven dei ville gifta seg med.