Verdas største korallrev veks igjen

Great Barrier Reef, som ligg på kysten til Australia, er på betringas veg, skriv ABC News. 

Korallrevet er heim til blå sjøstjerner og milliardar av andre sjødyr og fiskar. Foto: Copyright (c) 2004 Richard Ling, CC BY-SA 3.0-lisens

Verdas største korallrev, Great Barrier Reef, er over 2600 kilometer langt og nesten like stort som heile Noreg. Revet er heim til milliardar av fiskar og andre sjødyr i alle slags fargar.

Dei siste tiåra har ureining og høg temperatur i havet gjort stor skade på revet, noko som har gjort at det har minka. Men det siste året har ein type korall vakse over store område.

Revet er likevel ikkje friskmeldt. Når ein spesiell art veks seg så stor, betyr det at det biologiske mangfaldet er minka.

Det gjer at revet framleis er veldig sårbart for usunn påverknad, påpeiker marinebiologen Jodie Rummer til ABS News.