– Favorittdyret mitt er pistolreka

Evolusjonsbiolog Hanna Nyborg Støstad har skrive ei kunnskapsfylt bok om evolusjon. Her møter du pistolreka, vampyrflaggermusa, paddeiguanen, påfugledderkoppen og selen som tissar på seg sjølv.

Kva er evolusjon? 

– Tanken er at det byrjar med noko som funkar litt bra, og så utvikla det seg. Til dømes pistolreka si klo. Den var mindre, men så oppstod det ei klo som var litt større. Og så fekk denne reka ungar, med sterkare klør – som så fekk ungar med endå sterkare klør. Til den no er blitt så kraftig at den kan brukast som våpen. Alle stega undervegs har gjort kloa betre, og auka sjansen for at pistolrekene lever vidare, fortel evolusjonsbiolog Hanna Nyborg Støstad.

LES FAKTALUKK FAKTA
Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

– Dyr gjer nokon gonger ting som verkar rare og ulogiske, men dei har alltid gode grunnar til å gjera som dei gjer. Smarte løysingar bidrar til at dyr lever lenger og får mange barn, fortel Hanna som forska på dyr i fire år då ho tok ei doktorgrad i evolusjon. ‘

FORFATTAR: Hanna Nyborg Støstad er evolusjonsbiolog. No har ho skrive boka «Eventyrlige dyr» saman med illustratør Simon Dahle Nyhus.

– Eg fann mykje gøy informasjon, men såg at det kunne vera fint å visa fram desse kule dyra på ein enklare måte – utan forskarspråk, fortel ho. 

Dyra i boka er ekte og illustrasjonane av Simon Dahle Nyhus viser dei slik dei verkeleg er.

Av alle dyra – kva er ditt favorittdyr?

– Pistolreka har eit spesielt våpen: ei pistolklo. Når reka opnar kloa, låser ho seg, så han ikkje får lukka han igjen. Medan reka gjer alt han kan for å lukka han, bygger det seg opp masse spenning i kloa. Så losnar det plutseleg – og kloa smekkar igjen med eit stort smell! Smellet er faktisk høgare enn lyden av ein ekte pistol. Det skaper så mykje energi at i eit lite millisekund er temperaturen inne i kloa over seks tusen grader. Det er varmare enn på overflata til sola! Det kjem òg eit bitte lite lysglimt. Sjokkbølgja frå smellet spreier seg rundt i vatnet, som om ei lita bombe hadde gått av. Dei små fiskane som sym i vatnet rundt, blir svimeslått eller døyr av sjokkbølgja. Då kan pistolreka plukka dei opp med den vanlege kloa si, og middagen er servert.