Hundrevis av daude pingvinar rek i land i New Zealand

Dødsfalla til feire hundre dvergpingvinar har vore eit stort mysterium for forskarar i New Zealand. No trur dei derimot at dei har funne årsaka.

Klimaendringane får skulda for nok ei naturkatastrofe. Varmare hav er mest truleg grunnen til at meir enn 500 pingvinar har døydd på New Zealand i løpet av denne våren.

Dette talet stig framleis, skriv Smithsonian Magazine.

Ein dvergpingvin på øya Phillip Island i New Zealand. Foto: Magnus Kjaergaard / Wikimedia / CC BY 3.0-lisens

Pingvinane det er snakk om kjem frå familien som blir kalla Dvergpingvin på norsk, eller Little penguin på engelsk.

Dette er verdas minste pingvin, og dei er kjent for sin karakteristiske blå farge. Pingvinen kjem frå og bur i New Zealand, og er ofte lett å få auge på i vatnet og i lune vikar. Dei likar dei seg best til havs, noko som gjer at dei vanlegvis berre går på land om natta for å stella dei underjordiske reira sine.

Finn ikkje fisk – svelt i hel

Årsaka til at dvergpingvinane døyr, er at dei slit med å få tak i mat. Då vasstemperaturen stig, sum maten til pingvinen djupare ned i havet på jakt etter kaldare og meir behageleg vatn.

Sjølv om dvergpingvinane er gode symjarar, likar dei seg best på grunt vatn. Dette har ført til at dei har rast ned i vekt. Har dei ikkje tilgang til nok mat, svelt dei rett og slett i hel. Dei blir så tynne at dei ikkje har nok spekk på kroppen til å halda seg varm.

– Dei er berre skinn og bein. Dei treng isolasjonen frå feittlaget for å halda varmen, seier Graeme Taylor, som forskar på sjøfuglar ved New Zealand Department of Conservation, til Radio New Zealand.

Kan vera slutten for dvergpingvinen

Forskarane på New Zealand mistenkte lenge at årsaka til dødsfalla kunne ha noko med giftstoff å gjera. Den teorien gjekk dei fort vekk frå, då dei fekk undersøka nokre av dei daude pingvinane. Dei var omtrent halvparten så tunge som dei normalt sett er.

–Når dei blir så tynne, greier dei ikkje lenger å dukka, seier Graeme Taylor til The Guardian.

Og greier dei ikkje å dukka, greier dei heller ikkje å skaffa mat. No er forskaren bekymra for at dette er noko som kan bli meir vanleg i tida som kjem. Tidlegare har New Zealand opplevd liknande fenomen ein gong kvart tiande år. No kan derimot klimaendringane føra til at det vil skje oftare.

Det kan i verste fall bety at dvergpingvinen står i fare for å døy ut som art.