Redningsselskapet: Slik badar du på ein trygg måte

Redningsselskapet vil at så mange som mogleg skal få oppleva sommaren ved kysten, havet og vatnet. Men då er det enkelte ting som er kjekt å kunna i forkant.

Jo meir du veit, jo betre: Redningsselskapet ønskjer å dela kunnskap og oppfordra til bade- og symjetryggleik. – Er du ikkje sikker – bruk vest! Bad saman med andre, seier Elisabeth Berentzen, som her øver på å symja i skikkeleg kaldt vatn. Foto: Privat

– Me ønskjer at fleire skal få oppleva kysten, sjø og vatn – og samtidig ha det moro. Men då er det viktig at me gjer det på ein trygg måte, seier Elisabeth Berentzen til Framtida Junior.

Ho er nasjonalt ansvarleg for Redningsselskapet Ung, som er for ungdom mellom 13–26 år som trivast med aktivitetar ved sjøen.

– Drukning skjer ganske stille

Kvart år er det om lag 100 drukningsulukker i Noreg. Av dei som druknar under bading, er 70 prosent saman med andre når det skjer.

Derfor er det viktig å vita kva teikn du skal sjå etter.

– Mange trur at drukning er slik som på film, med hoiing og veiving. Men slik er det ikkje – drukning skjer ganske stille. Spør om det går bra. Har du verkeleg trøbbel, vil du ikkje greia å svara, seier Elisabeth Berentzen i Redningsselskapet Ung.

For å gjera seg klar for ein sommar ved vatnet, er det derfor viktig å vera førebudd. Alt kan øvast på, gjerne som ein leik saman med familien.

Øv på flyting

– Prøv å symja med klede, både i varmt og i kaldt vatn. Ein kan også øva på å koma seg opp att i båt og på brygga utan å bruka stige, og hjelpa kvarandre. Men det som er aller viktigast å øva på, er å flyta på ryggen.

Flyting kan redda liv, og ho fortel at både barn og vaksne bør øva på det.

– Om du får panikk, er det vanleg å mista kontrollen over pusten. Hamnar du under vatn, kan det gjera at du pustar inn vatn. Pust rolig, tenk positivt, spar på kreftene, legg deg på ryggen og flyt som ei sjøstjerne. Alle kan flyta – me må berre øva på det.

Ikkje hopp i havet før du kan dette: 

  • Bruk redningsvest i båt, på brygga, og nær vatn.
  • Lær å symja.
  • Før du går ut i vatnet må du vera sikker på at du klarer å koma deg opp att.
  • Bad helst saman med andre.
  • Stup berre der det er djupt.
  • Svøm langs land.
  • Svøm ikkje under ei brygge eller føre stupebrett.
  • Skubb ikkje andre ut i vatnet, og dukk aldri nokon andre under vatn.
  • Hald deg på land viss du kjenner deg kald eller uvel.
  • Rop på hjelp berre viss du er i fare – aldri elles!
  • Bad aldri når du er svolten eller når du nett har ete mat.

Kjelde: Norges Livredningsselskap