Ny teikneseriebok om miljøvern: – Me kan alle gjera noko

Miljøvern er kanskje det viktigaste du bør læra noko om i 2022. Ole Mathismoen og Jenny Jordahl tek ansvar med si nyaste bok. 

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

– Det er barna som skal leva på denne kloden etter oss, og dei er veldig klare over at me vil møta på store klima- og miljøutfordringar. Det kan vera skummelt – men me meiner at det er viktig å læra om det som er skummelt! Når me har kunnskap, kan me gjera noko med det, seier Jenny Jordahl, som er illustratør. 

Saman med Ole Mathismoen, som er miljøjournalist i Aftenposten, har ho gitt ut ei ny teikneseriebok som har fått namnet «20 greier du bør vite om miljøvern».

Sidan våren 2016 har dei laga «Grøne Greier» i Aftenposten Junior, og i den nye boka har dei samla seriane som handlar om miljø- og klimautfordringar, men også om løysingar.

– Dei som ikkje trur på dette, er faktisk litt dumme

Dette bør du vite: «20 greier du bør vite om miljøvern» er miljøversjonen av «Grønne Greier». – Me går frå det heilt overordna til det enkelte, som mellom anna kva som skjer med havet når det blir varmare, seier Jenny. Illustrasjon: Jenny Jordahl

– Me passar på at me får fram at det framleis går an å gjera noko med problema. Alle dei smarte folka som gjer noko for klimaet, treng hjelp frå alle – frå barn, vaksne og politikarar. Me må berre ha vilje og lyst, seier Ole.

Dei ønskjer at alle barn som les boka deira skal få kunnskap til å slå i bordet med.

– Tida då du kunne meina at den globale oppvarminga ikkje skjer, er forbi. Dei som ikkje trur på dette, er faktisk litt dumme. For dette er fakta. Får barna med seg kunnskapen, står dei mykje sterkare i ein samtale med ein onkel, ein lærar eller ein annan vaksen som ikkje trur på klimaendringane, seier Ole. 

Ole og Jenny fortel at dei treffer barn som meiner klimaendringane kan vera ekkelt å tenkja på. Men det treng ikkje å vera ekkelt, om du veit litt om det.

Faktakunnskap: Du kan vera heilt trygg på at det du les i denne boka er rett, for Jenny og Ole har sjekka med forskarar. – Vaksne har ikkje alltid rett, sjølv om dei seier at dei har det. Viss du har lest noko i denne boka og vaksne seier at det er feil, så kan du sei at det er det faktisk, seier Jenny. Illustrasjon: Jenny Jordahl

Vil gi håp

– Les du nyheiter og kan litt om klimaet, vil du forstå at det ikkje er slik at me kjem til å vakna til ei ny verd over natta, seier Ole.

Noko som er veldig positivt, er at alle verdas land er blitt einige om ein klimaavtale. Ikkje alle følgjer den, men likevel går det litt i rett retning.

– Hadde me ikkje hatt avtalen, ville det vore verre. Viss du les og viss du kan, blir du litt mindre bekymra. Oppgåva vår er å gi håp, og visa at dette er mogleg å gjera noko med, seier han. 

Jenny nikkar einig og legg til: 

– Eg tenkjer at det også er fint å føla at du gjer noko sjølv. Kvar og ein av oss kan ikkje løysa alle dei store problema, men me kan gjera noko. Plant ei blomstereng med bievenlege blomstrar, eller sei frå og bruk stemma di.

Fakta:

  • Ole Mathismoen og Jenny Jordahl står bak bøkene «kva er greia med klima?», «Ville greier – om dyr og natur og sånt», «Grønne greier» og «20 greier du bør vita om miljøvern».
  •  Ole Mathismoen er Noregs fremste miljø- og klimajournalist. Jenny Jordahl er illustratør, teikneserieskapar, grafisk designar, bloggar og forfattar.
  • Bøkene deira handlar om miljø, klima og natur og er full av spennande og viktig informasjon for alle som vil bli meir miljøbevisst.
Vil formidla ei historie: Ole og Jenny er opptekne av å presentera fakta slik det er i boka, sjølv om noko av det kan vera litt skremmande. – Me lyg ikkje, og me skriv det akkurat slik som det er. Ein treng ikkje alltid å skriva absolutt alt, men me prøver å formidla ei historie, seier Ole. Illustrasjon: Jenny Jordahl