Dei fleste svarer nei på spørsmål om dei vil bli milliardær

Forskarar har spurt tusenvis av personar frå 33 ulike land. Dei fleste hadde ikkje ønske om uendeleg mykje pengar.

Forskarar ved University of Bath i England har spurt nesten 8.000 personar om dei har lyst til å bli milliardærar, skriv Ung.Forskning.no.

Dei svara på spørsmålet: Kor mykje pengar treng du for å leva akkurat det livet du ønsker?

Kor mykje pengar dei svara at dei trong, varierte frå land til land.

I nesten ni av ti land svara deltakarane at dei skulle klara seg med 100 millionar kroner eller mindre. I nokre land meinte dei at 10 millionar skulle vera nok.

GIF: Giphy.com

Verdas rikaste mann

Både 100 og 10 millionar er mykje pengar. Men ikkje så veldig mykje samanlikna med den rikaste mannen i verda.

Han har omtrent 2.000 milliardar kroner.

Forskarane fann òg menneske i alle land som skulle ønske seg ein pengebinge heilt utan botn.

Men dei var i mindretal overalt.

Ting ein ikkje treng

Men kvifor er det ikkje like greitt å berre ha ein utømmeleg konto?

Forskarane bak den nye studien trur det kan handla om at viss ein har pengar i overflod, kan det følgje med forventningar om å kjøpa seg ting ein ikkje eigentleg har lyst på eller bruk for.

Ein blir ikkje nødvendigvis genuint lykkeleg av å ha eit veldig stort forbruk, meiner dei.

Studien vart fyrst publisert i tidsskriftet Nature Sustainability.