Domstol i USA: Elefanten Happy er ikkje ein «person»

Dyrevernsaktivistar kjempa for å frigjere elefanten frå «fengsling» i dyrehagen.

0
Elefantar i Bronx Zoo. Foto: Kameragrl at wts wikivoyage, CC BY-SA 1.0, via Wikimedia Commons

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa om Kven som står på gjestelista til Ingrid Alexandra sin bursdag og om filmen Lightyear som vert stoppa i fleire land grunna likekjønna kyss.


Dyrevernsgruppa Nonhuman Rights Project (NhRP) har forsøkt å få frigjort elefanten «Happy» frå Bronx Zoo i New York, til ein fristad for elefantar.

NhRP slår fast at elefanten er sjølvstendig, har tankar og kjensler. Dei protesterer mot det dei kallar «fengslinga» av Happy.

Gruppa viser til eit prinsipp i den amerikanske grunnlova som slår fast at alle som vert fengsla har rett til å bli stilt for ein domstol – såkalla habeas corpus.

– Ikkje ein person

NhRP tapte saka, men fekk støtte frå to av sju dommarar. Overdommar Janet DiFiore slår fast at habeas corpus berre gjeld for menneske, og viser til at behandlinga av Happy samsvarar med kva som er lovleg i staten og landet.

Dyrehagen sjølv hevdar at elefanten vert teken godt hand om og respektert «som den storslegne skapinga ho er». Dyrehagen og støttespelarane deira åtvara om følgene det kunne ha for andre dyrehagedyr, så vel som kjæledyr, dersom NhRP vann fram.

Grunnleggande urettferdig

Dommar Jenny Rivera skreiv at Happy vert halden i eit unaturleg miljø som ikkje lèt henne leve livet sitt.

– Fangenskapet hennar er grunnleggande urettferdig. Kvar dag ho blir verande i fangenskap – som ein attraksjon for menneske – vert vi òg reduserte, skreiv ho.

Happy vart fødd i det frie i Asia tidleg på 1970-talet, og vart frakta til USA då ho var 1 år. Ho har vore hjå Bronx Zoo sidan 1977.