Foxi – sledehunden ingen ville ha

Då Foxi var tre år, skulle hundekøyrar Tommy delta i verdas tøffaste og lengste hundeløp. Før start vart tre av hundane som kunne leie hundespannet, sett ut av spel – og vesle Foxi måtte trå til. 

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

Då Noreg stengde grunna korona, kom det få turistar til Svalbard. Då blei det mange ledige turar med hundeslede, og forfattar Line Nagell Ylvisåker bestilte ein tur for heile familien.

Nor (7) og Lotte (8), var med på turen.

– Eg elska det, seier Nor.

– Ja, det er ei kjempedeilig kjensle når hundane trekk sleden, fortel Lotte.

Då ungane hadde lagt seg på kvelden, fortalde hundekøyraren Tommy og kona hans Janne, historia om Foxi som var så liten og svak då ho vart fødd – at Tommy prøvde å gje ho vekk. Men, ingen ville ha ho. Forteljinga inspirerte Line til å skrive boka «Foxi – sledehunden som ingen ville ha» – og både Nor og Lotte hjelpte ho i arbeidet.

GOD LEIAR: Foxi elskar å springa fremst i flokken. Foto: Line Nagell Ylvisåker

Reiste til Alaska

Janne, som er forskar, fekk jobba eit år i Alaska. Tommy hadde ein draum om å delta i verdas tøffaste hundeløp, så dei flytta dit. Då han plutseleg stod utan ein leiarhund på startstreken i løpet, måtte han setja Foxi fremst i flokken.

– Det kan bu utrulege krefter i deg sjølv om du er liten og svak

– Då dei kom i mål spurde ein av dei andre hundekøyrarane om han kunne kjøpa Foxi, men Tommy sa nei. Foxi synte seg nemleg å vera den klokaste, modigaste og beste hunden Tommy nokon gong hadde hatt. Denne historia handlar jo om ein hund, men det kunne like gjerne handla om eit menneske – dette med at det kan bu utrulege krefter i deg sjølv om du er liten og svak eller har andre utfordringar i livet, seier Line.

SLEDETUR: Nor Ylvisåker Håvelsrud på sin første hundesledetur. Foto: Line Nagell Ylvisåker
KOS: Lotte Ylvisåker Håvelsrud kosar seg i sleden. Foto: Line Nagell Ylvisåker
LANSERING: Foxi får kos av Lotte på lansering av boka. Foto: Line Nagell Ylvisåker
FORfATTAR: Line er ein forfattar som kjem frå Sogndal, men ho har budd i Longyearbyen sidan 2005. Ho er utdanna journalist og jobba tolv år i Svalbardposten. I 2020 gav ho ut boka «Verda mi smeltar: Å leva med klimaendringar på Svalbard». Foto: Line Nagell Ylvisåker.