Skrivekonkurranse: Skriv ei bokmelding!

Bli med i skrivekonkurransen til Lesedigg og Framtida Junior og vinn fine premiar!

Har du lese ei kjekk, spennande, morosam eller skummel bok?

Skriv ei bokmelding om ei bok du har lese, og bli med i skrivekonkurransen vår!

Sjå her korleis du skriv ei bokmelding: https://framtidajunior.no/2018/08/09/slik-skriv-du-bokmeldingar/

Både vinnarteksten og andre gode tekstar vil bli publiserte på www.framtidajunior.no.

Format: Word-fil

Lengde: 150-350 ord

Premiar: 1. premie: 500 kroner, bok, Framtida Junior-t-skjorte.

Me gjev òg eit klassesett av Framtida Junior til den klassen som leverer flest bokmeldingar.

Aldersgrense: Under 14 år

Målform: Nynorsk

Innleveringsfrist: 28. september 2022

Send inn til framtidajunior(a)gmail.com

OBS: Hugs å merka teksten med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.