Canadiske legar kan skriva ut resept på eit «opphald i naturen»

Resepten inneheld mellom anna eit årskort på dei mange nasjonalparkane i det store landet.

Canada er eit vakkert land med lange fjordar og høge fjell, og det er kort mellom mektige naturopplevingar.

Dette har landets legar bestemt seg for å nytta seg av, då dei no kan skriva ut reseptar på eit «opphald i naturen» for pasientane sine, skriv verdensbestenyheter.no.

– Alle bør oppsøka naturen meir

GIF: giphy.com

Naturen kan faktisk hjelpa menneske som slit med mellom anna depresjon, stress og angst. Eit nytt forskingsprosjekt frå University of Michigan viser nemleg at det å vera i naturen i 20 minuttar tre gonger i veka, kan letta på stress-relaterte lidingar.

– Eg trur at fleire ville oppsøkt naturen, viss dei fekk det på resept. Det kan vera vanskeleg å oppsøka hjelp viss ein er ramma av stress eller depresjon, seier Trine Karsholt til verdensbestenyheter.no.

Ho er psykolog, og brukar sjølv naturen til sine terapitimar. Uansett om ein slit med psykiske plager eller ikkje, meiner ho at alle kan ha nytte av å vera meir i naturen.

– Alle bør oppsøka naturen meir. Å gjera det er førebyggjande også, seier ho.