Barn er lukkelegare om dei er mykje ute i naturen

Barn blir glade av å vera mykje ute i naturen, men ein del kan også bli redde for om vi klarar å ta vare på den.

Ein amerikansk forskar har undersøkt korleis barn har det med naturen. Ho fann ut at barn er sunnare og trivast betre med å vera ute i skogen og i parken. Dei får også meir kunnskap om natur og miljø, og blir meir opptekne av å skjerme naturen.

Men barn som er mykje ute i naturen, kan også bli bekymra, skriv Ung.Forskning.no.

Barn veit at naturen er under press og at klimaendringane kan forandre jordkloten vår.

– Viss barn tenkjer at det ikkje nyttar å gjere noko, så kan dei miste håpet, seier forskar Louise Chawla frå University of Colorado i USA i ei pressemelding.

Men forskning viser også at barn og unge får håp og tru på at det nyttar, når foreldre og lærarar tek bekymringane deira på alvor. Det er også viktig å prate med vener, ifølgje Chawla.