Born i Pakistan får bøker frå kamelen Roshan

Kamelen Roshan har med seg uvurderleg last når han vandrar rundt i ørkenen i sør-austlege Pakistan.

Han kjem med bøker til borna som ikkje lenger kan reisa på skulen, grunna koronaviruset, skriv Inquirer.

Skuleborna, som bur ein plass der gatene er for smale til at bilar kan ta seg fram, kler seg opp i sine finaste klede for å møta kamelen. Dei flokkar seg rundt kamelen og ropar «Kamelen er her»!

Borna i Pakistan har også hatt heimeskule på grunn av pandemien, men i motsetnad til Noreg, har skulande deira så og seia vore stengt sidan starten av mars 2020. Dette har vore vanskeleg i enkelte område, som mellom anna Balochistan, der mange landsbyar nesten ikkje har tilgang til internett.

På besøk tre gonger i veka

Raheema Jalal som er rektor på ein skule, grunnla derfor kamel-prosjektet. Ho ville at born framleis skulle ha moglegheit til å læra sjølv om skulane er stengt.

Kamelen Roshan reiser rundt med bøker til fire forskjellige landsbyar i Kech-distriktet. Han besøker kvar landsby tre gonger i veka og blir verande der om lag to timar kvar gong.

Borna låner bøkene han har med seg, og kan returnera dei neste gong kamelen er på besøk.