Pride: Kva er det og kvifor feirar me det?

Juni er Pride-månaden. Men veit du grunnen?

GIF: giphy.com

Pride blir arrangert for å visa at ein har lov til å forelska seg i den ein vil. Det blir feira over heile verda i juni månad, fordi det var månaden då Stonewall-opptøyane fann stad i 1969.

Dette var viktige protestar som gjekk føre seg i New York i USA, og som var med på å endra rettane til homofile over heile verda.

Les også: Vil gjera det lettare å heisa Pride-flagget i Noreg

Kjærleik og vennskap

Pride er ei feiring der menneske kjem saman i kjærleik og vennskap, for å vise kor langt  LHBTQ+-rettane er komme nokre stader – og samstundes visa at det framleis er mykje arbeid å gjera andre stader.

LHBTQ+ er ei forkorting for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. Plussen er eit inkluderande symbol, som står for «dei andre». Den er der for å inkludera menneske av alle identitetar.

Månaden handlar om å akseptera andre, om likeverd og om arbeidet som vert gjort av LHBTQ+-personar, skriv BBC Newsround. Likevel er det også viktig å hugsa på og vera bevisst på kva problem som framleis påverkar LHBTQ+-samfunnet.

Fargerik feiring

Mange går i tog med regnbogeflagget i løpet av juni. Det er også vanleg med konsertar, marsjar og store festar med glitter og fargerike klede.