Forskarar har oppdaga verdas største plante

Den største planten på jorda er ein type sjøgras, som dekkjer eit område som er like stort som 20.000 fotballbaner.

Ved å nytta genetisk testing, har forskarar funne ut at ei megastor eng under vasskorpa i Australia er ei enkelt plante.

Og ikkje nok med det – dei har også funne ut at planten er minst 4500 år gamal, skriv BBC.

Planten er plassert utanfor kysten av Vest-Australia, og dekkjer omtrent 200 kvadratkilometer. Det er det same som tre gonger storleiken til Manhattan, eller 20.000 fotballbaner.

Ei ordentleg overrasking

Forskarane frå University of Western Australia har fortalt at det var heilt tilfeldig at dei snubla over gigaplanten. Ingen av dei hadde sett føre seg at det var snakk om eitt enkelt individ, då målet med undersøkingane var å finna ut kor mange planter som budde i enga.

Då dei fekk resultata, fekk dei seg ei ordentleg overrasking.

– Tenk at det berre var snakk om ein plante! At planten har spreidd seg over 180 kilometer, gjer han til den største kjende planten på jorda, seier Jane Edgeloe til BBC.

Ho er hovudforfattaren bak studien, som er publisert i tidsskriftet «Proceedings of the Royal Society B».

Veks like fort som ein plen

No sit forskarane på ny og spennande informasjon om sjøgraset. Han veks mellom anna like fort som ein plen, med sine 35 centimeter i året. Dette talet er årsaka til at forskarane har funne ut kor gamal planten er.

Planten ser også ut til å vera veldig spenstig.

– Han opplever fleire forskjellige temperaturar, vatn med ulik grad saltinnhald og ekstreme lystilhøve. Dette vil normalt sett vera svært belastande for dei aller fleste plantar, seier Elizabeth Sinclair, som er ein av forskarane.