Meining: Lågare aldersgrense for å køyre ATV

Vegard Rettedal skriv at å køyra ATV kan gi meir erfaring før unge slepp ut på vegen.

Eg meiner at det må vere lågare aldersgrense for å køyre ATV.

For det første, viss aldersgrensa blir lågare så kan fleire barn og unge vere ute og køyre i staden for å vere inne å spele på data.

For det andre så kan barn og unge lære seg å køyre ATV. Då kan dei få meir erfaring før dei skal køyre på vegen. Dei kan trene på å auka forståinga for farlege situasjonar.

Du må vere 16 år og ha førarkort for å køyre ATV i 40 kilometer i timen. Viss du har traktorlappen kan du køyre ATV i 40 km/t. Det er greit at du må vere 16 år for å køyre på vegen. Men barn på 10 år kan køyre på private område.

Har du noko på hjarta? Send det til oss på framtidajunior@gmail.com.